Påsken 2023

Her ligg oppdatert informasjon om aktiviteter og opningstider i påska:

Opningstider Borgund Nærbutikk:


Postaabneriet:

Helde vanlig laurdagsåpent 1/4 frå kl 21-02

Det blir pizzakveld med heimelaga pizza Skjærtorsdag 19:00 – 02:00 👌🏻
Møt opp svolten og med godt humør 🍕

Langfredag køyrer me i gang quiz 20:30-22:00!
Dørane opnar 20:00 og me held ope til 02:00 etter quizen🥳
QuizMaster for kvelden blir Knut, og han lovar ein Valdres spesial 🤓
50,- pr person, maks 4 på kvart lag.
Kanskje ventar det ein premie til vinnerlaget 🏆

Gleda oss til å sjå deg 🙌🏻


Påskerebus i Seltaåsen/Korberget:

Det er hengt opp Påskerebus for heile familien i Seltaåsen/Korberget.

Start ved Koret eller Sjurhaugen. Rebusen henger frå Gravdalen og ut til Korberget. Rebusen har 9 postar, og me skal fram til to løysingsord som er påske/tur-relatert.

Samle alle forbokstavane i svara og stokk dei om, så finn du dei to løysingsorda. Løysingsorda kan du sende inn til Lærdal folkebibliotek på bibliotek@laerdal.kommune.no eller på messenger til biblioteket innan 10. april så blir du med i trekninga av ein spennande premie!


Spinning:

Spinning i Samfunnshuset mandag 3/4 kl 18. Følg med på Borgund Spinning sine facebooksider for påmelding.


PåskeBingo!

Ungdomslaget arrangerer tradisjonell PåskeBingo i Samfunnshuset, Skjærtorsdag kl. 19.