Aktivitetar

Borgund byr på fleire fritidsaktivitetar:

For born og unge

Skirenn på Kvamme



Lærdal Skigruppa har skirenn kvar 14. dag på Maristova. Sjå oppdaterte tidspunkt på Skigruppa si facebookside.

1-4 klasse har barneidrett i gymbygget annakvar torsdag.

Audhumbla 4H er ein aktiv klubb som driv med prosjekt og samlinger. Klubben har ei eiga facebookside for dei som er interesserte.

Siste laurdag i månaden er det ungdomskveld på Postaabneriet pub og kafé for ungdom i alderen 11-18 år.


For alle:

Kvar torsdag er det bading i gymbygget. Kl. 18-19 for born/familiar, kl. 19-20 for vaksne.

Annakvar laurdag er det varmbading i bassenget kl. 10-12, same dag er det kafe i Borgund samfunnshus frå kl. 11-14.

Puben er open kvar laurdag frå kl. 21 – 02.

Borgund nærbutikk er open kvardager frå kl. 10 – 17 og laurdager 10 – 15.


Anna idrett:

Innandørs idrettsaktivitet føregår for det meste mellom haustferie til påskeferie.

Spinning i Borgund samfunnshus kvar måndag. Sjå eiga facebookside.

Fotballtrening for vaksne måndag, onsdag og fredager frå kl 20 i gymbygget. Sjå facebookside.

Volleyballtrening kvar torsdag i gymbygget kl 20. Sjå facebookside.