Om Borgund

Borgund er ei bygd i Lærdal kommune i Vestland fylke. Bygda ligg lengst oppe i dalen som strekk seg frå Lærdalsøyri til Borlaug. Ved Borlaug deler vegen seg mot dei to fjellovergangane Filefjell og Hemsedalsfjellet. 

Lærdal og Borgund har alltid vore eit knutepunkt og har vore ei viktig ferdselsåre mellom aust og vest. Historia pregar bygda, og dei fem synlege vegtraséane er viktige for borgyndene. Det mest kjende vegstrekket er Vindhella, som på spektakulært vis kryp ned Vindhellaskaret mot Husum Hotel. Vindhella er ein del av Kongevegen over Filefjell, som saman med Borgund stavkyrkje er dei best besøkte turistattraksjonane.

I dag bur det i underkant av 280 innbyggjarar i Borgund. Dei siste åra har det vore god tilflytting, men me har alltid plass til fleire. Det er eigen barnehage og barneskule frå 1. til 7. klasse. Ungane går på ungdomsskule på Lærdalsøyri. I 2022 vedtok kommunen å renovera skulebygget til eit felles oppvekstsenter, som skal husa både barnehage og barneskule. Byggeprosjektet er no i anbodsfasen.
Til liks med resten av Lærdal er landbruksnæringa sentral i Borgund. I dag er det særleg sauehaldet som pregar dette. Det er godt over 20 sauebønder her i tillegg til noko storfe og anna dyrehald. Den største einskildarbeidsplassen er Østfold Energi. Borgund kraftverk vart bygd i 1974, og vasskraftutbygginga er med å pregar bygda og ikkje minst fjella rundt også i dag.