Bidrag til nettstaden

Har du ei bedrift, aktivitet eller noko du vil fortellj om til resten av «bygdefolket»?

Nyheiter:

Veit du om ting som dei andre i bygda bør vite om? Send dei til oss så legger me ut eller tek kontakt for meir informasjon.

For aktivitetar:

Me hentar ut alle aktivitetane frå Lærdal kommune sin Friskuskalendar. Her kan me også legge ut aktivitetar for andre. Dersom det er noko som føregår ofte kan de opprette brukar sjølv eller de kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til dette. Aktivitetane vil då komma automatisk her på nettsida også. Dersom du har enkelthendingar som du vil marknadsføre kan du ta kontakt.

For bedrifter:

Me promoterar alle bedrifter som ynskjer det og som høyrer til i Borgunds-traktene gratis på Servicetilbud og bedrifter. Vil du ha bedrifta di der kan du ta kontakt med oss og senda med kontaktinformasjon samt ein kort tekst om bedrifta.