Kongevegen tilbyr nye jobbar

Kongevegen tilbyr nye jobbar

Kongevegen søkjer deg som ønsker å jobbe som guide til to nyoppretta tilbod i Borgund i sommar.

  • Det eine tilbodet er ein guida sykkeltur frå Borlaug til Borgund stavkyrkje til eit fast tidspunkt på føremiddagen. Du skal sykle saman med turistar gjennom Borgund medan du fortel om bygda. Du skal innom puben og fortelje historia om den. 
  • Det andre tilbodet er ein guida tur over Vindhella til eit fast tidspunkt på ettermiddagen, etter at sykkelturen er over og syklane er køyrt på plass att.

Gjestene dine vil vere norske og utanlandske turistar. Mange av dei kjem i buss frå cruiseskipa i Flåm.

Begge tilboda er lett å kombinere tidsmessig slik at du får samanhengande jobb fem timar dagleg. Me søkjer også folk som vil ha denne jobben av og til. Om du ønsker, kan du også få føre grupper på Kongevegen ved behov. Om du ønsker, kan du også få opplæring til å vise folk rundt på Gamle Lærdalsøyri.

Tidsperiode: 24. juni til 20. august.

  • Du er 18 år og har førarkort på bil
  • Er du under 18 år, ikkje fortvil, du kan du få jobbe som guide for andre grupper på Kongevegen, ved behov
  • Du kan kommunisere godt muntleg på engelsk
  • Språkkunnskap utanom engelsk og skandinaviske språk er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Me søkjer både deg som vil ha dette som dagleg sommarjobb og deg som kan tenkje seg jobben av og til
  • Me søkjer både ungdom og eldre
  • Du vil få opplæring i eige seminar til våren saman med Kongevegen og Norway’s Best

Å vere guide er både hyggeleg og lærerikt og skaper gode minner. Ta kontakt for ein uforpliktande prat på 400 65 069 eller send søknad til info@visitkongevegen.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *