Hold grøne Lærdal grønt 2023 – Ryddeaksjon Borgund 3.mai

Hold grøne Lærdal grønt 2023 – Ryddeaksjon Borgund 3.mai

Me inviterar til ryddeaksjon på Borgund, Onsdag 3.mai kl 17.30. Det blir som før, med oppmøte i Borgund Samfunnshus der ein får tildelt eit område å rydde i.

Me skal ta for oss strekninga Borlaug -> Seltun, det er mange KM å dekke så fint viss flest mulig blir med!

Det blir delt ut avfallsposer og hansker på Samfunnshuset. Avfall kastes i henger som blir utplassert ved Samfunnshuset. Det blir ein del ferdsel langs veier (ikkje E16), så ta på refleksvest!

Det blir servert drikke og noko å tygge på i Samfunnshuset.

Viss tidspunktet ikkje passer, men har likevel lyst til å bidra, så kan ein rydde eit område når det sjølv passer. Det er da fint at det blir gitt tilbakemelding om dette.

Ta med venner og familie, og vel møtt til til ryddeaksjon!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *