LIVBERGINGSKURS I BASSENG NY DATO – påmelding!

Lærdal Røde kors arrangerer som vanleg Livbergingskurs i basseng før innebadesesongen, på Borgund. Kurset er gratis og ope for alle som treng det (f.eks lærarar, fysioterapeutar, trenarar, badevakter på familiebading, barneidrett, vaksenbading osv.) Alle som skal vera badevakter i bassenga må kvart år gjennomføre livbergingskurs.

Tid mandag 6.11 kl. 19.00

Ta med badeklede, då om lag halve kurset foregår uti bassenget (ingen fysiske testar eller symjekrav, men øving på redningsteknikkar). Hugs badehetta! 😀

Det er max 20 plassar per kurs – påmelding til Monika Lysne på sms til tlf. 90 51 66 86 så fort som muleg. Skriv fullt namn, epost og kva kurs du melder deg på i sms’n. Skulane vel sjølve om dei vil sende samla liste over sine tilsette på epost eller sms, eller om dei tilsette skal melde seg på direkte.

Lister over alle som har delteke vert sendt til skulane etter kursa, og dei som treng kursbevis vil få dette tilsendt.

Related Posts

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *